Wardruna Wardruna - Munin

To ramnar eig dei er meg kjær
Ein for mitt minne, ein for min hug

To ramnar eig dei er meg kjær
Ein for mitt minne, ein for min hug
I kvar sin vind, frå meg
Flygande, i kvar sin veg
Dei kver meg songar
Når heim dei vender

Eg stundom fæler, at hugjen heim ei rekk
Enn meir eg ottast at minna mistar sin veg

Vegvill er hug, utan minne
Eit tre råtnar, utan rot
På dine vingar bér all den tid som runne, hev
Å minnefuggel, vær hos meg all mi tid
All mi tid

Minna er alltid nær
Visar veg, rådar meg
Minna er alltid nær
Røynslas råd, mistakets frelsar

Minne eg heiter, børa på medvitets rygg
Skaldens veg til ordas hóv
Treets rot, steinens riss
Tingets krins, vargens vaksemd